Lastebil velta ved Svarthumle, lek diesel

VELTA: Her ser vi kassebilen ligge velta utanfor vegbana på vestsida av Naustdalstunnelen.

VELTA: Her ser vi kassebilen ligge velta utanfor vegbana på vestsida av Naustdalstunnelen. Foto:

FLORA: Lastebil har velta ved Svarthumle, vegen er stengt.

DEL

Vest politidistrikt melder laurdag morgon at ein lastebil har velta ved Svarthumlevatnet på Rv. 5 i Flora kommune.

– Det var to personar i bilen. Dei var ikkje fastklemde, men kom seg heller ikkje ut fordi bilen låg på sida. Naudetatane er no framme på staden og gir til involverte tilsyn. Dei har ikkje meldt om personskade, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen til Firda.


Begge dei to personane vart køyrde til sjukehus i Førde for sjekk.

Bilen var ikkje lasta med farleg gods. Men Samsonsen seier til Firda at det er ein diesellekkasje frå drivstofftanken i lastebilen.

Bilbergar er på veg. Vegen har vore stengt i ein periode, men ein kan køyre via Ramsdalsheia.

Brannvesenet jobbar på staden

Det var litt røyk frå lastebilen etter ulykka, men brannvesenet er på staden og har kontroll. Dei jobbar no med å handtere diesellekkasjen. Det er fare for at dieselen kan nå ferskvatn i nærleiken, melder NRK.

– Politiet skal etterforske hendinga for å bringe på det reine kvifor ulukka skjedde. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, opplyser politiet politiførstebetjent Eivind Hellesund til NRK.

Artikkeltags