Frå og med nyttår blir svarte søppelsekkar ikkje lenger henta av søppelbilane i Kinn kommune. Det stadfestar oppsynsmann Inge Willy Flister i renovasjonsavdelinga i Flora. Det samme forbodet har blitt gradvis innført elles i landet. Frå før av har avfallsgiganten Norsk Gjenvinning innført forbod mot svarte sekkar. No er det vår tur.
Grunnen til forbodet mot svarte søppelsekkar er at renovasjonsarbeidarane ikkje ser kva som faktisk er i dei svarte søppelsekkane. Det har vore tilfelle der folk har kasta fyrverkeri, lithiumbatteri og anna farleg avfall i dei svarte søppelsekkane.
– Og ved andre tilfelle har folk kasta elektriske artiklar som radioar og liknande, ting som ikkje skal i grovavfallet, seier Flister og strekar under:
– Det er viktig å poengtere at dette så langt ikkje har vore eit stort problem her i Flora kommune, men på landsbasis er det det. Og det er difor dette blir innført landet over.
Dersom du skal kaste avfall, må du kjøpe blanke sekkar merka med Flora kommune sin logo på. Dei får du kjøpt på Tenestetorget i Florø.