Gå til sidens hovedinnhold

Svar til Ola Teigen

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Svar til Ola Teigen sin påstand om at Nils Myklebust kjem med alternative fakta: Nils Myklebust sine alternative fakta

Kommunedirektøren sitt forslag til vedtak den 22.9.2020 er ei krystallklar formulering av at Kinn kommune er imot denne etableringa av Montessoriskulen.
Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak: Kinn kommune stiller seg ikkje positiv til å etablere ein Montessoriskule i Florø av hovusakleg to grunnar: Befolkningsframskrivingane viser ein markant nedgang i barnetalet i Kinn kommune. Av den grunn må kommunen ha ein framtidig skulestruktur som er tilpassa eit synkande elevtal. Det er ikkje trong for ein skule til i Kinn kommune.
Kinn kommune har ein krevjande økonomi. Den demografiske utviklinga viser at barnetalet synker mens talet på eldre aukar. Pengar frå oppvekstsektoren må kanaliserast dit behovet er størst. Det er ikkje økonomi til ein skule til i kommunen.


Røysting: Fire repr. stemte for kommunedirektøren si tilråding (Eikevik, Brandsøy, Frøyen, Egeberg). Sp, Sv og Raudt støtta kommunedirektøren sitt forslag.

Kinn Ap sin representant i utvalet oppvekst og kultur, Doris Christensen, la fram forslaget som vart sett opp mot kommunedirektøren sitt forslag. Ap sitt forslag vart vedteke med 5 mot 4 røyster.
Om ein går tilbake i protokollen ser ein at følgjande forslag blei lagt fram med ei tydeleg setning som uttalte at utvalet er nøytrale i høve etablering av privatskule.

Oppvekst- og kulturutvalet 22.09.2020: Handsaming: Fellesframlegg AP, H og V, foreslått av Doris Christensen, Kinn Arbeidarparti: "Kinn kommune er positive til mangfald i det pedagogiske tilbodet i kommune. Ei breidde i barnehage og skule kan, i lag med andre faktorar som eit aktivt kulturliv, idrett og friluftsliv vere motiverande for dei som vurderer kvar dei skal busetje seg. På bakgrunn av at elevtal vert redusert dei neste åra, ser vi at en friskule vil kunne verte særleg utfordrande og ha negative økonomiske følgjer. Kommunen må ha skular som er bærekraftige i høve elevtal og difor ser ein fram mot å gjere strukturelle endringar. Utvalet er nøytrale i høve ei eventuell etablering av privatskule. Vi ser potensielle positive ringverknader, men er bekymra for dei økonomiske konsekvensar det vil ha for den offentlege skulen."

Fellesframlegget frå Ap, H og V vart sett opp mot kommunedirektøren si tilråding. Røysting: Fire repr. stemte for kommunedirektøren si tilråding (Eikevik, Brandsøy, Frøyen, Egeberg). Fellesframlegget var vedteke med fem røyster.
OPKUV- 008/20 Vedtak: Kinn kommune er positive til mangfald i det pedagogiske tilbudet i kommunen.

Dette er ikkje feilaktige opplysningar, Teigen. Dette er kopiert direkte frå protokollen, som er den mest pålitelege og sannferdige kjelda du kan få. Er dette å vere imot, Ola Teigen? Nei, tvert om.
Ap viser her at dei er positive og nøytrale. Vi må kunne ta som utgangspunkt at forslaget var klarert med resten av kommunestyregruppa til Ap i gruppemøte i forkant av utvalsmøte.
Så før du går ut og skuldar underteikna for å fare med alternative fakta, bør du sjølv sjekke kva Ap har fremja av forslag.

Du veit så inderleg vel at du ikkje hadde fått ordførarkjedet med Sp om du ikkje hadde vore med på avtalen der grendaskulane var sikra i perioden. Det er dessverre god grunn til å sitte att med eit inntrykk av at du aldri hadde til hensikt å halde denne avtalen med Sp. Du ville nok berre sikre deg ordførararkjedet.

Du påstår at det er den store nedgangen i barnetalet som er årsaka til at du vil legge ned dei to utkantskulane no. Men dette viste du då du gjekk inn avtala med Sp og andre hausten 2019, så dette er ikkje truverdig.
Det er i neste periode det går mest nedover med barnetalet i Kinn kommune. Men trur ordførar at å legge ned desse skulane vil føre til auke i innbyggartalet? Eg trur det stikk motsette, dessverre.

Les også

Kommunale barneskular og privatskular

Kommentarer til denne saken