La oss slå fast at der Sp har tru på lokalt folkestyre, så har Jakob Nødseth og Venstre mykje større tru på fjernstyre og byråkratstyre.

I denne samanheng så slår også Jakob om seg med ei rekke framandord som knapt nokon forstår. Er dette det som vert kalla hersketeknikk?

Så fremhevar Jacob Nødseth at han er leder for to utval, det eine er plan-, miljø- og næringsutvalet. I så måte er det å legge til grunn at Jakob har full betaling frå kommunen med minst ein dag i veka til å på sjå at areal-planarbeid blir utført også for Vågsøy-delen av Kinn kommune, etter at Jakob kuppa lederposisjonen fra MDG sommeren 2020.

Les også

Kan lokaldemokratiet bli for lokalt?

Dersom ein hugsar tilbake til nokre av kronargumenta for å slå saman Vågsøy og Flora til Kinn, så var det kor store ressursar planavdelinga i Flora hadde.

I denne samanhengen så kan vi nevne at hausten 2018 fremja Vågsøy Sp ved Asgeir Solheim forslag som påla rådmannen å sette i gang igjen arbeidet med påbegynt kommuneplan. Arbeidet kunne utførast internt eller eksternt, med finansiering fra havbruksfondet. Forslaget ble einstemmig vedtatt av kommunestyret i Vågsøy. Dessverre ble dette ikkje følgt opp. Arbeidet med å danne Kinn tok ressusar som medførte at utviklinga av bl. anna nye næringsareal - byggefelt i Vågsøy stoppa opp.

I avtalen med andre parti som medførte til at Ola Teigen vart ordfører i Kinn, fekk Sp inn i avtalen at arealplanen og sentrumsplanen for Vågsøy må startast opp igjen i 2020. For Sp var dette viktig for utvikling av Vågsøy. Så langt etter 2,5 år med Ola Teigen og Jakob Nødseth i førarsetet må Vågsøy-delen fortsatt slite med utgått kommuneplan frå 2002.

Det har vore uttalt at ny arealplan er like om hjørnet. Kva for eit hjørne er det som er årsaka til alle utsetjingane, Jacob?

Vi i Sp er særs opptatt av at kommunen skal ha oppdaterte planverktøy som vil gi effektiv saksbehandling for innbyggarar og næringsliv. Dermed unngå mer arbeid, dispensasjonssøknadar og motsegner fra Statsforvalteren.

Så langt har ikkje Sp sett at «større miljø» har hatt gunstig utvikling for Vågsøy. Vi ville kunne handtert like godt byggesøknader – planarbeid med to adskilte avdelingar, som Frp ved Hogne Bleie foreslo i sin tid. Dessverre fekk det ikkje fleirtal.