Strålande nøgd med Veiking-invasjonen

Ole Svanøe gler seg over vellykka Veiking-besøk.

Ole Svanøe gler seg over vellykka Veiking-besøk. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Besøkstalet gjekk over alle støvleskaft, stemninga var god både på land og sjø.

DEL

Ein solrik og vakker junikveld sist laurdag vitja venlege veikingar Svanøy.

- Rekordmange feststemte menneske deltok på dansen og koste seg med mat og drikke på land. Med godt humør spreidde dei god stemning på land og sjø. Vi som hadde stelt i stand til dei, kunne konstatere at problema med arrangementet var små og utbyttet i form av glede og økonomisk overskot var stort. Eit slikt arrangement er viktig for øya vår, både med omsyn til økonomi og omdømme. Veikingane har forstått dette! slår Ole Svanøe fast.

Faktisk var det så mykje folk som ville danse på kaia at dei selde ut billettblokken og måtte ty til naudløysingar. Dei reknar med 600 betalande på dansen på kaia.

Ole Svanøe vil gjerne takke Veikingkonvoien for denne gongen.

- Dette ga meirsmak! Ei stor takk også til alle dei som var med på førebuingar, vakthald, sal og opprydding undervegs og etterpå. Viktige vikingar og veikingar har grunn til å vere stolte! utbasunener Svanøy-nestoren.

Artikkeltags