Går vegen til hjartet gjennom magen?

25. februar byr Svanøy Segl Inn på god mat, quiz og folkemøte om Svanøys hjarte, den lokale kroa og butikken.

Ole Svanøe

Ole Svanøe (Foto: )

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Det blir folkemøte om jobben med å skaffe pengar til eit folkeaksjeselskap som kan ta over drifta av kro og butikk no når Ole Svanøe no vil nyte sitt otium som pensjonist i lag med kona Eva. Dei har no kring 20 prosent av målet, men det store løftet har utebiltt førebels.

Sjå kampanjen.

Eit styre er sett ned for å sørge for at den positive utviklinga sblir ført vidare. Det er ikkje mange øysamfunn med kring 50 fastbuande som kan skilte med eit eige kulturelt folkeakademi og servicetilbod på høgde med Svanøy. Men det kjem ikkje av seg sjølv.  

– Det blir høve til å kjøpe middag laga av dagens kokk, Elin Tveit Sveen., fortel Lisa Myklebust, som er tiltenkt rolla som dagleg leiar i framtidas driftsselskap. Dersom det er rett at vegen til- i alle høve mannens hjarte (og kanskje Svanøys hjarte) går gjennom magen, så ligg det eit aldri så lite press på kokkekunstane.

LES OGSÅ:

200 aksjar til 5000 kroner vil kunne gje ein million i aksjekapital. Nestor Ole Svanøe sjølvsagt kjem til å tre støttande til om det skulle vere nødvendig i praktisk hjelp med drifta.

I tillegg til hytteeigar Ronald Reksten består det mellombelse styret og arbeidsgruppa av Elin Tveit Sveen, Lisa Myklebust, Anne Magrethe Kalberg og Johan Trygve Solheim. Vidare har Ronny Mowatt frå Merkur stilt med kompetanse og fungert som sekretariat ved dei fleste av møta som har vore.

Artikkeltags