5G-lansering på Flokenes, 3G-krise på Svanøy

SVANØY: Medan Telenor lanserte framtidas 5G-teknologi på Flokenes, var det kommunikasjonskrise nokre få kilometer lenger ute i fjorden fordi 3G-sendenettet er slått av.

DEL

Telenor-leiinga fekk seg ei realitetsorientering i samband med at dei lanserte 5G-pilot på Flokenes, som ligg der Stavfjorden sluttar og Førdefjorden begynner. Kring fem kilometer unna ligg Svanøy, der fleire bedrifter har basert sin telekommunikasjon på 3G-nettet.

Ironisk nok overnatta Telenor-leiinga og hadde middag på Svanøy Hovedgård i samband med 5G-lanseringa. Der møtte dei Johan Trygve Solheim, leiar for Norsk Hjortesenter, Stiftelsen Svanøy Hus, Svanøy Stiftelse og det nyetablerte Svanøybukt Eiendomsutvikling AS.

Framleis på 3G

–  Eg nytta høvet til å fortelle om dramatisk forverring av mobildekninga dei siste vekene. For oss som driv bedrifter her ute, er dette svært belastande og går ut over oppfølginga av kundar og samarbeidspartnerar.  Ikkje minst er det negativt for oss som lever av å formidle kunnskap og å vere tilgjengelige. Eg fortalde også om dramatikken då kona mi Rannveig blei råka av hjerneblødning 26. mars i år og at mobildekning også handlar om sikkerheit og menneskeliv.

Telenor sin stab kunne då opplyse at 3G-sendarane vart skrudd av i regionen den 26. juni. Vidare kunne dei informere om at signalforsterkarane;  «Cel-Fi»,  bedriftene har kjøpt på Svanøy og fått installert fleire stader berre tek inn 3G og no er verdilause. Totalt var det seks slike i drift på Svanøy. Solheim fekk forsikring om at Telenor tek situasjonen på alvor og ville komme snart tilbake med ei løysing. 4G-dekninga på øya er per i dag ikkje god nok.

Fiber

– Eg signaliserte vilje til å bruke eigne ressursar for å bidra til betre mobildekning. Eg ser for meg at det kan settast opp ein sendar eller link for det nye 5G-nettet. Men det er sikkert ikkje billeg.

For tida er Enivest i gang med utbygging av fiber på øyane i Flora. Trådlaus 5G er Telenor sitt svar på breibandsbehova  i utkantane.

– Vi er lovd fibernett frå Enivest. Utbygginga er i gang og er snart berre to år forsinka. Eit 5G-nett vil vere i konkurranse med fibernettet, men eg meiner vi trenger begge deler. Akkurat no er det berre  den gamle fasttelefonen heime via Telenor sin koparkabel som virkar.

Situasjonen som har oppstått, er alvorleg og det hastar med å få på plass gode løysingar.

Johan Trygve Solheim

Lovar 4G-løysing

David Fidjeland, innholds- og kommunikasjonssjef i Telenor, viser til at Telenor er i gang med å slokke delar av 3G-nettet. Dette blir gjort for å rydde plass til endå fleire tenester og betre dekning i 4G-nettet. Frekvensane i 3G-nettet vil no bli brukt til 4G på grunn av at dette gir langt betre kapasitet.

– Vi har informert grundig om denne moderniseringa via media og har også kontakta kundar direkte. På Svanøy har dessverre ingen kunder mottatt denne informasjonen. Her blei 3G-signalet sløkt. Vi har no teke telefonkontakt med samtlege kunder på Svanøy for å finne gode løysingar over 4G.

4G-nettet har betre dekning enn 3G-nettet dei aller fleste stader, men nokre få plasser kan det vere lokale forhold som gjer at dette ikkje stemmer. Telenor går gjennom varslingsrutinane som følge av dette. I utgangspunktet skulle det vere sendt ut melding til alle kundar med cel-fi og 3G.

Johan Trygve Solheim stadfestar at Telenor har vore i kontakt med fleire bedrifter på Svanøy etter at han gjorde leiinga merksame på problemet. Han understrekar likevel at situasjonen som har oppstått er alvorleg og at det no hastar med å få på plass gode løysingar.

Artikkeltags