Svanøy imponerte Merkur-delegasjon

STÅR SAMAN: Kjøpmann Lisa Myklebust, tidlegare kjøpmann Ole Svanøe, grendeutvalsleiar Elin Tveit Sveen og hjortesenterleiar Johan Trygve Solheim fortalde korleis Svanøy-samfunnet samarbeider for å få til utvikling. Foto: Gunta Venge

STÅR SAMAN: Kjøpmann Lisa Myklebust, tidlegare kjøpmann Ole Svanøe, grendeutvalsleiar Elin Tveit Sveen og hjortesenterleiar Johan Trygve Solheim fortalde korleis Svanøy-samfunnet samarbeider for å få til utvikling. Foto: Gunta Venge

Merkur-styret likte smaken av Svanøy.

DEL

Merkur-styret og Distriktssenteret vart imponert over det tette samarbeidet mellom nærbutikk, lokalt næringsliv og lokalsamfunn på Svanøy i Flora.

Det nasjonale Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar sette av ein heil dag på Svanøy, under sin studietur til Flora, Askvoll og Naustdal siste veke, skriv dei i ei pressemelding.

Merkur-følgjet på 24 personar overnatta på Svanøy Hovedgård og fekk grundig orientering om både Hjortesenteret, Svanøy Røykeri, folkeselskapet Svanøy Segl Inn og Nærbutikken Svanøy.

Heiar på kvarandre

Tema for studieturen var samarbeid mellom kommune, butikk og lokalsamfunn. Svanøy er eit godt eksempel på korleis lokalsamfunn og lokalt næringsliv kan samarbeide både for å sikre lokalbutikken og utvikle lokalsamfunnet.

Då den gamle butikkeigaren ønskte avløysing, vart det samla inn 1,2 mill. kr til eit driftsselskap som tok over butikkdrifta. I tillegg etablerte det lokale næringslivet eit eigedomsselskap som har kjøpt butikkbygget.

- Vi veit at vi må stå saman dersom vi skal få til noko på ei lita øy med 50 fastbuande. Vi byggjer stein for stein og heiar på kvarandre, sa Elin Tveit Sveen, som både driv med lakseoppdrett og røykeri og er leiar for grendeutvalet og driftsselskapet for butikken.

(Saka held fram under bildet)

LUNSJ: Styret for Merkur-programmet fekk smake både laks og hjort då dei besøkte Svanøya sist veke. Foto: Gunta Venge

LUNSJ: Styret for Merkur-programmet fekk smake både laks og hjort då dei besøkte Svanøya sist veke. Foto: Gunta Venge

Nasjonalt pilotprosjekt

Merkur er Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt program for utvikling av distriktsbutikkar, med 10 konsulentar som jobbar direkte ut mot nærbutikkar og lokalsamfunn. Merkur er i ferd med å avslutte eit nasjonalt for tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk i Sogn og Fjordane. Dette var bakgrunnen for at styret ønskte å besøke Ytre Sunnfjord.

Reisefølgjet besøkte Nærbutikken Rognaldsvåg, Nærbutikken Stavang, Joker Kvammen og Nærbutikken Svanøy som alle deltar i pilotprosjektet og har oppretta kommunale servicepunkt. I tillegg vart det lagt inn besøk på Nærbutikken Vevring.

Merkur hadde også møte med ordførar Ola Teigen i Flora kommune, ordførar Ole Andre Klausen i Askvoll kommune og ordførar Håkon Myrvang i Naustdal kommune. Alle tre understreka kor viktig nærbutikken er som lokalt servicesenter og som kontaktpunkt for kommunen.

Nyttig studietur

- Vi som jobbar med utvikling av distriktsbutikkar, har behov for å kome ut distrikta og oppleve litt av kvardagen der, seier styreleiar i Merkur, Inge Ryan.

- Turen til Flora, Askvoll og Naustdal kommune har vore veldig nyttig. Dette har vore ein av dei alle beste studieturane eg har vore på, legg Ryan til.

Lisa serverer deg øyrikets moglegheiter 

Det blei ikkje hytte likevel 

Artikkeltags