Dei to kjøper høvesvis 34 og 33 prosent av aksjane i Sande Settefisk på Rygg i Gloppen. Dei siste 33 prosenta er det Hyen Fisk som eig, skriv selskapet i ei pressemelding.

Denne investeringa skal sikre utbygging av nytt klekkeri og påvekstanlegg ved Sande Settefisk. Dei ønskjer å ta i bruk ny og moderne resirkuleringsteknologi for å sikre framtidsretta smoltproduksjon, heiter det.

Det er valt nytt styre og tilsett ny dagleg leiar i selskapet. Styret består av Svein Klævold (eigar) Kurt Djupvik og Ove Inge Vågen. Den nye daglege leiaren er Tom Wilke, som har arbeidd i selskapet i om lag 20 år.