Svanøy Folkeakademi har planane klare for både funk i solgangen og spel i buskene

KULTURKJEMPARAR: Halvard Lunde og Yrla Klein planlegg både solgang og buskpel, og sikkert mykje anna rart med sitt Svanøy Folkeakademi

KULTURKJEMPARAR: Halvard Lunde og Yrla Klein planlegg både solgang og buskpel, og sikkert mykje anna rart med sitt Svanøy Folkeakademi Foto:

Dei er eit eksempel til etterfølging, Svanøy Folkeakademi. Ikkje berre leverer dei kultur til folket, dei inviterer seg sjølv på podcast hos Firdaposten.

DEL

«Solgangsfunk og buskspel» var namnet på festivalen eldsjelene i Svanøy Folkeakademi tromma saman på seinsommaren i 2019. Det fekk dei mykje skryt for, og det meste var til og med fortent. No er dei klare for å tromme saman ein ny festivalhelg, og for å spreie det glade bodskap inviterte dei like godt seg sjølv inn i podcaststudioet til Firdaposten.

Det er elles noko vi oppmodar alle som har noko på hjartet om å gjere.

I Podcasten snakkar Yrla Klein og Halvard Lunde litt om korleis det var å vinne pris som årets folkeakademi. Litt om tidlegare prosjekt. Litt om prosjekt som skal skje allereie kommande helg, og sjølvsagt litt om «Solgangsfunk og buskspel». Her er billettsalet allereie i full gang, og er du rask kan du sikre deg early bird-billettar.

Du finn podcasten dei fleste plassar der podcastar samlast, men du kan også høyre den akkurat her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken