Gå til sidens hovedinnhold

Svanøy får 5G-telefoni innan to-tre år

Svanøy-folket har fått ein lovnad om ei 5G-mobilmast på øya innan 2-3 år.

Det stadfestar Telenor til lokalradioen i NRK Vestland den 1. februar.

Gledeleg nytt for innbyggarane, med lokallobbyist Johan Trygve Solheim på Norsk Hjortesenter i front.

– Telenor har vore veldig imøtekommande i dialogen med oss. Øypakken med fiberbreiband har vore ei stor forbetring for oss, ved at vi har kunna snakke i mobiltelefon via WIFI. Men det fungerer berre i og ved dei lokasjonane som har installert fiberbreiband, seier Solheim til NRK.

I fjor var det krise for mobiltelefoni på øya, då Telenor samstundes med at dei starta eit pilotprosjekt for 5G på Flokeneset i Førdefjorden, samstundes slo av 3G-sendarane som folk særleg på sørsida av Svanøy var heilt avhengige av.

Telenor er i full gang med utbygging av 5G i dei mest folkerike områda i landet og reknar med at den nye teknologien vil vere tatt bruk i løpet av dei næraste åra.

Kommentarer til denne saken