Har du drøymt om å stå bak roret på ei ekte seglskute? No har du sjansen

Galeasen Svanhild sett frå nord på veg inn Skorpefjorden. Alden rett over masta og Kinn til høgre. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Galeasen Svanhild sett frå nord på veg inn Skorpefjorden. Alden rett over masta og Kinn til høgre. Foto: Dag Nesbø Frøyen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Svanhild søker nemleg etter skipper for første gong.

DEL

Galeasen Svanhild har heimehamn i Florø og er ei ekte seglskute. Driven på dugnad av Svanhilds Vener, seglar Svanhild årleg både til Shetland, lokale festivalar og rundt i distriktet. Tidlegare har skuta delteke på Tall Ship Races og passert den kaledonske kanalen.

– Men vi vil meir og då treng vi meir føreseielege hender på roret. Difor ser vi etter ein skipper til 2019-sesongen, skriv Svanhilds Vener i stillingsutlysinga.

Så langt tenker venelaget at den nye skipperen kan vere med på pinsetokt til Shetland, tur til Kystens landsstemne i Trondheim, pilegrimstokt, lokale seglturar og festivalar – og kanskje ein sving forbi Skottland.

Men krav til skipper har veneforeininga sjølvsagt. Du må ha både kystskippersertifikat D5, samt passasjer- og krisehandteringskurs og GOC radiosertifikat. Aller helst burde søkarane og ha seglerfaring, og helst med gaffelrigg. Denne riggtypen var vanleg på 1600-talet og utover 1900-talet. I dag er det vanlegast å sjå på veteranbåtar. Men det er kanskje ikkje så rart, for det er ikkje snakk om noko nymotens seglbåt. For tjue år sidan vart Svanhild restaurert attende til slik ho var i 1923, med åtte segl og to maskiner.

– Har du ikkje erfaring, men er villig til lære, høyrer vi gjerne frå deg likevel. Har du høve til å vere hos oss frå juni til ut august, er vi i himmelen, men kontakt oss no for all del uansett om det vi til no har sagt trykker på eventyrlysta di, presiserer veneforeininga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken