Gå til sidens hovedinnhold

Svakheit i røykvarslarar kan føre til brann

Heile 650.000 røykvarslarar i Norge bør skiftast ut.

Ei designsvakheit gjer at røykvarslarbatteriet kan settast inn feil, kortslutte og utvikle sterk varme og røyk.

Har røykvarslaren din 9 volts batteri, men manglar batteripute som hjelper deg å sette batteriet rett veg? Då bør du skaffe ein ny varsler, meinar myndigheitene og forsikringsselskapet If.

Dei siste åra har det vore fleire tilfelle der røykvarslarar har blitt svært varme og kortslutta. Fleire gongar har det komme røyk. Nokre varslarar har endt opp som svarte restar med svimerke i taket. Før jul gjekk Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Direktoratet for byggkvalitet difor saman ut og åtvara mot svakheita i mange røykvarslarar.

– Vi må vere sikre på at dei verkar og kan varsle oss, seier branningeniør Anders Rørvik Ellingbø i forsikringsselskapet If.

– Dessverre ser vi at den typen røykvarslarar som brukar 9 volts batteri, men som ikkje har batteripute, kan kortslutte. Det er fleire rapportar om at det har utvikla seg sterk varme og røyk når batteriet er sett inn feil veg. Nokre varslarar har smelta. Sjekk røykvarslaren din i dag, og sjå om den har batteripute. Hvis ikkje, bør du byte den ut, oppmodar Ellingbø.

Røykvarslarane har blitt selde under ulike merkenavn i butikkjeder og på nettet. Det du må sjå etter, er om 9 volts-batteriet skal festast i ein liten del med ledningar, som ein løftar ut av røykvarslaren for å kople batteriet til. Den ser nesten ut som den har to auge: Dette er polane som batteriet skal festast i, og innretningen er slik konstruert at det er umogleg å sette batteriet feil. Har røykvarslaren batteripute, treng du ikkje å byte.

Sjølv om det er tillate å selje røykvarslarar utan batteripute, anbefalar myndigheitene at du skiftar ut alle røykvarslarar utan batteripute. Dette gjeld ikke røykvarslarar som er leverte og monterte av alarmselskap, eller røykvarslarar som nyttar andre typar batteri enn 9 volt.

Kommentarer til denne saken