Sjåfør mista sponplater – Bilistar fekk trøbbel

Av

TRAFIKK: Ein sjåfør har truleg ikkje sikra lasta si godt nok. Sponplater låg strøydd på riksveg 5 og tunnelen var i ein periode stengd.

DEL

Riksveg 5 ved Sundafjelltunnelen i Flora kommune blei laurdag føremiddag stengd, grunna oppryddingsarbeid.

Det melde Vegtrafikksentralen Vest laurdag klokka 12.50. Klokka 13.07 melde dei at tunnelen var open igjen.

Tunnelen ligg ved Leversundet og går gjennom Sundafjellet i Flora kommune.

– Det er oppryddingsarbeid på staden no. Nokon har mista last av ein bil eller hengar. Det ser ut til å vere sponplater, seier Hanne Norheim i Statens vegvesen til Firda.

Sponplatene skaper trøbbel for trafikantane:

– Sjåførar har køyrt over platene og dei har slått oppi bilen, så mange trudde dei hadde punktert.

Like i forkant av meldinga om sponplatene i tunnelen, fekk vegtrafikksentralen melding om at det låg fleire slike plater i vegen mellom Eikefjord og Grov.


Artikkeltags