(Firda)

Sundafjelltunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø er tysdag mørklagt.

Ifølge trafikkoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen, blir det utført arbeid på det elektriske systemet i tunnelen.

– Dei har skrudd av lysa i tunnelen fordi dei jobbar med ein trafostasjon ved tunnelen, seier Molvær.

Arbeidet skal etter planen vere ferdig i løpet av dagen og lyset vil bli skrudd på igjen så fort som mogleg.