Møteulykke ved i Sundafjellstunnelen

SMADRA: Bilane var hardt skadd etter ulykka ved 16.00 i dag.

SMADRA: Bilane var hardt skadd etter ulykka ved 16.00 i dag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein person er lettare skadd etter ei møteulykke mellom to bilar på vestsida av Sundafjellstunnelen ved 16.00-tida i dag.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen i politidistrikt Vest, fortel det var tre personar og to bilar involvert i ulykka. Naudetatane var kort tid etter at meldinga kom på skadestaden.

– Det er ein person som er lettare skadd etter ulykka og han held på å bli lagt på båre no, fortalde politiet. Dei to andre personane kom tilsynelatande uskadd frå ulykka. Eit hell i uhellet var at tryggleiksutstyret, som til dømes kollisjonsputene har fungert som tilsikta og slik redusert skaden på passasjerane.

Den eine personen vart klipt ut av bilen, då døra var klemt saman etter kollisjonen. Rapport på staden seier at det er tre godt voksne menn det handlar om.

Politiet på staden kunne også melde om at vegen ville vere stengt omlag ein halv time på grunn av opprydding etter ulykka. 

Klokka 17.00 opna vegen igjen. Det er framleis uklart kva som er årsaka til ulykka, melder politiet måndag ettermiddag.

Artikkeltags