- Subsea ikkje berre olje

Heng ikkje med hovudet: Øyvind Østrem, studiekoordinator på subseastudiet, og Trond Strømgren i NCE subsea ser ingen grunn til pessimisme på subseastudentane sine vegne. –  Mange av dei som studerer i dag vil vere med og dra fram det grøne teknologiskiftet om nokre år, sler dei fast.foto: liv standal

Heng ikkje med hovudet: Øyvind Østrem, studiekoordinator på subseastudiet, og Trond Strømgren i NCE subsea ser ingen grunn til pessimisme på subseastudentane sine vegne. – Mange av dei som studerer i dag vil vere med og dra fram det grøne teknologiskiftet om nokre år, sler dei fast.foto: liv standal

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Nedgangen i oljebransjen har ført til at fleire tenker seg om før dei vel subsea-utdanninga. Det er det ingen grunn til.

DEL

Studiekoordinator på Høgskulen i Bergen sitt subsea-studium i Florø, Øyvind Østrem, og Trond Strømgren i kunnskapsklynga NCE Subsea er heilt einige:

Det er ingen grunn til å frykte arbeidsløyse med ei subsea-utdanning i lomma.

Vil hauste frå havet

For det første er det ikkje slik at ein er nøydd å arbeide i oljebransjen om ein vel dette studiet - i alle fall ikkje for alltid. Den kunnskapen ein får om undervassteknologi kan brukast til mykje anna enn å hente opp olje og gass - spesielt sidan fokuset går meir og meir over mot grøn teknologi.

– Havet vil berre bli viktigare framover, ikkje minst som matfat. Ein har estimert at den marine produksjonen i Norge har potensiale til ei seksdobling fram til 2050, påpeikar Østrem, og held fram:

– Kva om ein til dømes ser for seg at oppdrettsanlegg blir lagde langt til havs, 30-40 meter under havoverflata?

Strømgren trur at subseateknologien kjem godt med når ein skal kartlegge hav og havbotn, og finne nye bruksområde for livet der.

Fleire typar energiproduksjon vil også vere avhengig av subseateknologi etter kvart som den vert meir utbreidd, mellom anna vindmøller til havs og tidevannskraftverk som står plasserte på havbotnen.

– I alle desse samanhengane vert det heilt naturleg å utnytte den kompetansen vi har innanfor subsea-segmentet, seier Østrem, som trur vi vil sjå eit utstrekt samarbeid mellom subsea-miljøet og andre næringar, såkalla cross over.

– Det er det som må til for å få fram nye løysingar.

Langsiktig arbeid

At det ikkje er berre Østrem og Strømgren som har tru på subsea, vart nyleg slege fast då NCE (Norwegian Centre of expertise ) Subsea kvalifiserte seg til GCE (Global Centre of Expertise) Subsea. Det vil mellom anna seie at finansieringa no er sikra for ti år framover i staden for seks. NCE Subsea var den einaste som fekk denne nye statusen no.

– Det er svært strenge opptakskrav, men i søknaden vår peika vi mellom anna på cross over-samarbeidet og moglegheitene som vil opne seg i framtida, seier Strømgren.

– Samarbeidet med GCE Subsea er også svært viktig for Høgskulen i Bergen, skyt inn Østrem inn.

– I 2016-17 reknar vi med at pilene peikar oppover att. Så dei som startar på utdanninga no, er klare då.

Artikkeltags