– Fiskerikriminalitet er eit alvorleg samfunnsproblem. Det er økonomisk kriminalitet og truar verdas fiskeressursar. Det skapar også urettferdig konkurranse og straffar ærlege aktørar. Difor er eg glad for at vi kan låne ut ein av våre fremste ekspertar innan fiskerikriminalitet, slik at vi kan styrke Økokrims kompetanse på dette området, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Låner ut fiskekrim-ekspert

Nærings- og fiskeridepartementet skal i eitt år framover låne ut ein medarbeidar til Økokrim. Seniorrådgivar Eve de Coning har tidlegare jobba mot fiskerikriminalitet i Kripos og Interpol. Frå 1. juli skal ho hospitere i Økokrim.

– At fagfolk frå Nærings- og fiskeridepartementet no skal samarbeide tett med Økokrim om fiskerikriminalitet, viser at politiet jobbar på ein helt annan måte nå enn før. Kriminaliteten har endra seg, då må også politiet organisere seg på ein annan måte enn før, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Fiskeriliaisonen skal jobbe i etterretningsfunksjonen i Økokrim. Der vil ho bidra til at analysar og kompetansen i Økokrim blir så god som mogleg på fiskekrimfeltet.

– Vi er glade for samarbeidet med Nærings- og fiskeridepartementet om å overvinne kriminalitet innan fiskerinæringa. Dette er et viktig område for Økokrim, og med Eve de Coning som hospitant får vi styrkt våre kapasitetar innan etterretning på fiskeri, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth.

Følger opp utval

Regjeringa sette i 2018 ned eit utval som skulle sjå på utfordringar i ressurskontrollen i fiskerisektoren. Utvalet påpeiker at ulovleg fiske og annan fiskerikriminalitet utgjør ein trussel mot både ressursgrunnlaget og næringa. Ein av anbefalingane frå utvalet er at fiskerimyndigheitene bør arbeide tett med politiet og andre kontrolletatar for å adressere denne trusselen.

– Gjennom å plassere ein fiskeriliaison i Økokrim sikrar politiet tilgang på solid kunnskap om fiskerikriminalitet. Vi bygger også bru mellom etatane og politiet. Denne kunnskapen er viktig for at både kontrolletatane og politiet skal vere godt rusta til å effektivt avdekke fiskerikriminalitet, seier Ingebrigtsen.