Styresmaktene: Maks 15 elevar per lærar i småskulen

Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole. 
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av

Måndag vart dei nye rettleiarane om smittevern for skulane under covid-19-utbrotet lagt ut. For dei yngste barna blir det tilrådd maksimalt 15 elevar per lærar.

DEL

– Eg er veldig glad for at elevane får komme tilbake til skulen igjen. Skulen er viktig for trivselen til barn og unge, læring og utvikling. For dei fleste vil det bli godt å få ein meir normal kvardag saman med venner i klassen og lærarane, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Opnar måndag

27. april opnar skulane og SFO for 1.–4. trinn og nokre grupper yrkesfagelevar. No er rettleiarane for korleis skulane kan sikre nødvendige smitteverntiltak klare.

Her ber styresmaktene skulane organisere i mindre grupper, til dømes maksimalt 15 elevar per lærar for 1.–4. trinn.

– For dei yngste elevane og elevar med særskilde behov er det vanskeleg å regulere avstand til andre. Då blir det viktigaste tiltaket å avgrense talet på nærkontaktar til kvar elev og tilsett, til dømes ved å ha mindre grupper og ha faste tilsette for kvar gruppe/klasse, heiter det i rettleiaren.

Tometersregelen gjeld ikkje i klasseromma

Det vil ikkje vere noko krav om to meters avstand mellom elevane i skulen, ifølgje kunnskapsminister.

– Tometersregelen gjeld ikkje for skular, stadfestar Melby overfor NTB.

(Saka held fram under bildet)

Kunnskapsminister Guri Melby (V) under den daglige pressebriefen i forbindelse med korona-siyuasjonen i Norge.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Kunnskapsminister Guri Melby (V) under den daglige pressebriefen i forbindelse med korona-siyuasjonen i Norge. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Ifølgje henne er det to grunnar til dette.

Den eine grunnen er at situasjonen er annleis når det er faste grupper som møtest, enn når folk møtest meir tilfeldig. Den andre grunnen er at barn truleg blir mindre sjuke enn vaksne og ber smitte i mindre grad enn vaksne.

Regjeringa innfører bamsekarantene

Alle klassebamsar må dessverre i karantene, seier kunnskapsminister Guri Melby (V). Dette er ein av reglane i smitterettleiaren for skulane som opnar snart.

– For det første – dette kan kanskje vere kjedeleg for nokre barn – men ein kan ikkje ha med seg leikar heimanfrå – ikkje eingong den viktigaste kosekluten. Og alle klassebamsar må dessverre i karantene, sa Melby på den daglege pressekonferansen til regjeringa om koronakrisa måndag ettermiddag.

Maks 20 i høgare klassetrinn

Styresmaktene har òg komme med rettleiarar for 5.–7. trinn, ungdomstrinnet og vidaregåande, sjølv om det endå ikkje er sett nokon dato for når elevane her skal tilbake. Melby seier at målet er at alle elevar skal komme tilbae på skulen før sommaren.

Frå 5.–10. trinn blir det tilrådd maksimalt 20 elevar per lærar, medan det på vidaregåande ikkje er sett noka maksgrense. Det blir likevel tilrådd å avgrense storleiken på elevgruppene der det er mogleg.

Artikkeltags