Den store strikketrenden vil ingen ende ta. Trenden har teke heilt av under pandemien, og no jobbar garnprodusentane på spreng for å skaffe nok garn til strikkeglade nordmenn.

Nordmenn strikkar som aldri før, og populariteten ser ikkje ut til å minke sjølv etter at pandemien er over. Strikkinga har nådd alle krokar av landet, og stadig kjem det nye bøker og nettstadar med strikking som tema.

Skapar arbeidsplassar

På Noregs største garnfabrikk, SandnesGarn, har dei verkeleg merka at heile Noreg no strikkar.

– Salet har auka på alle typar garn og i alle dei landa vi sel til. Eg trur trenden vil halde seg, men at det ikkje vil vere ein så eksplosiv vekst som under pandemien. Vi har tilsett 20 personar ekstra det siste året og er no oppe i 120 tilsetje totalt, seier administrerande direktør i SandnesGarn, Harald Mjølne.

Han trur det er mange grunnar til at folk kastar seg på trenden, men det viktigaste er at menneske har ein sterk skapartrong.

– Fleire og fleire jobbar på kontor og sit framfor ein skjerm heile dagen. Når dei går heim synest dei at dei ikkje har laga noko konkret den dagen. Gjennom strikkinga på fritida vil dei gjerne skape noko ekte som dei kan vere stolte av, seier Mjølne.

Trur ikkje toppen er nådd

Ingvild Grane er ein av mange som har kasta seg på megatrenden og er aktuell med boka, Strikk. Ho driv òg instagramkontoen @skaparrom og kan melde om rekordstor interesse landet rundt. em class="bold"/em

– Eg trur ikkje vi har nådd toppen enno. Inntrykket mitt er at interessa framleis er veldig stor interesse for strikking der ute. Dagleg har eg kontakt med folk som ønskjer å lære seg å strikke, seier forfattaren.

Ho har òg merka seg dei mange gruppene med strikkeglade som finst både viralt og i det verkelege livet.

– Når til og med Rockefeller i Oslo arrangerer strikketreff, så har dette vorte ein megatrend og ikkje noko som berre gamle damer driv med. Det er òg mykje kreativitet der ute, og det er mange eg kjenner som er med i til dømes «strikk og drikk»-grupper..

Starta trenden

Samlaget, forlaget til Grane, er eit av forlaga som merkar at nordmenn no er interesserte i strikking og anna handarbeid.

– Alle bøker om strikking og handarbeid går godt no for tida. Vi har også tidlegare hatt bestseljarar innanfor strikking og opplever no auka interesse for desse bøkene. Samlaget var eit av forlaga som var med på å starte strikketrenden og gav i 2009 ut boka, Selbuvotten, som no har selt 32 000 eksemplar, seier sals- og marknadssjef Anne Liv Tresselt.

Strikkar ikkje på møte

Ingvild Grane er sjeldan å sjå utan strikketøyet når ho har ei ledig stund. Når ho tek båten heim til Nesodden, synest ho det er fint å ha noko å halde på med. Men når ho er på jobben, legg ho strikkinga til side.

– Når eg er på jobb, prøver eg å vere profesjonell og la strikkepinnane kvile. Men kanskje strikkinga blir levebrødet mitt ein dag, så då kan eg heller vie meg heilt og fullt til dette, seier ho.

Førebels er det berre ein hobby som også fungerer godt når ho skal sortere tankane.

– Strikkinga er ein fantastisk måte å meditere på, og det har vore heilt nødvendig for mange no under pandemien. No gler vi oss alle saman til å gå ut og vise fram alle dei fantastiske kreasjonane vi har skapt under pandemien.

Menn strikkar òg

Sjølv om kvinnene er i fleirtal, så er det stadig fleire menn som kastar seg på trenden.

– Eg har merka meg at fleire menn er aktive på Instagram og dei er både kreative og populære. Eg kan òg nemne at på den lokale puben vår så er det to menn som er ansvarlege for strikkeklubben vår, seier Ingvild Grane.

Forfattaren oppmodar alle som treng ein hobby til berre å kaste seg på trenden.

– Strikking er mykje enklare enn folk flest trur, og mesteparten kan lærast på YouTube eller gjennom ulike bøker. Det fine med å stikke er at du kan få deg eit plagg som ingen andre har make til og at du i tillegg kan tilpasse det akkurat slik du vil, seier ho.

(©NPK)