Ein samla opposisjon på Stortinget går inn for ei rekkje tiltak som skal sørge for betre konkurranse, breiare utval og billegare mat.

Dei er mellom anna samde om å påleggje dei tre store daglegvarekjedene, Norgesgruppen, Coop og Rema, å gje ei sakleg grunngjeving for skilnader i innkjøpsvilkår og -prisar til leverandørane.

I Coop vart nyheita møtt med jubel, skriv Nationen. Kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis seier at det er viktig at ein får ein meir rettferdig konkurranse

– Får vi lågare innkjøpsprisar, vil vi ta det ut i lågare prisar til kundane. Det garanterer vi, seier han.

I Norgesgruppen er det likevel meir skepsis. Dei meiner nokre av tiltaka som er føreslegne, kan få utilsikta negative konsekvensar og skade konkurransen.

– Det viktigaste er at ein hugsar på daglegvarekundane, at prisane blir lågare, utvalet held fram med å vera breitt og bra, og at vi har ein sunn og god konkurranse i bransjen, seier konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt, Stein Rømmerud.

– Det vi er mest skeptiske til er at ein vil gripa inn i dei frie forhandlingane mellom oss og leverandørane. Det kan føre til høgare matvareprisar for kundane, seier han.

(©NPK)