Strengare krav til vassføring vil ramme kraftproduksjonen i rundt 20 elvar i Vestland fylke.

– Dette vil sjølvsagt gå noko utover kraftproduksjonen, men regjeringa meiner vi har funne ein rett balanse mellom omsynet til kraftproduksjon og viktige miljøverdiar, seier Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

I alt reknar regjeringa med at auka vassføring i 144 elvestrekningar vil koste 1740 gigawattimar i kraftproduksjon. Regjeringa kan per no ikkje svare på kva kraftprodusentar som blir pålagde nye restriksjonar.

(©NPK)