Ny gatekunst i Strandgata

«Nimi»

«Nimi» Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: «Nimi» svevde høgt i helga, men måtte endre planane.

DEL

Over helga stod artisten «Nimi» i trucklift og måla på veggen på Solheim Olsen-huset i øvre del av Strandgata.

– Eg måtte endre planane litt. Liften kjem ikkje til lengst nede, og eg kan ikkje gå på taket. Så dette kjem til å bli litt annleis frå skissa. Det vil bli eit litt meir eksperimentelt verk som blir til undervegs.

– Delar av det vil forsvinne lengst nede, men dei kjem kanskje til å dukke opp andre stader. I tillegg har eg måtte tilpasse meg teksturen i veggen. Ved å jobbe med den, i staden for i mot den, vil eg behalde det røffe preget vær og tid har gitt den.

«Nimi» jobbar på nedre del av kunstverket.

«Nimi» jobbar på nedre del av kunstverket.

Han likar å jobbe på kveldinga for då er lyset mjukare, temperaturen meir behageleg og det er lettare å komme inn i «sonen».

Den raude sirkelen beskriv han som eit element han ville ha inn for å stoppe veggen i å vere ein vegg.

– Den trengde noko der for å bryte opp. Og eg elskar denne intense fargen. Når sola kjem ned mot horisonten vil den blande seg med lyset og bli del av eit spennande fargespel.

Ikkje ufarleg

Han pleier ikkje snakke med journalistar, men deler villig om sine kunstverk og opplevingar rundt omkring i verda, og fortel om den gongen han sat opp eit ulovlege verk i ein by i Marokko på nordkysten av Afrika.

– Det var ein millionby, men vi kunne ikkje finne eit einaste kunstverk i heile byen. Difor måtte eg gjere det. Kona mi åtvara meg, men eg var ikkje til å stoppe. Når folk kom til morgonbønna stod vi der framleis.

«Nimi»: Ein kjent gatekunstnar står bak den nye «piecen» på Solheim Olsen-huset.

«Nimi»: Ein kjent gatekunstnar står bak den nye «piecen» på Solheim Olsen-huset. Foto:

Trass i dette har ikkje «Nimi» noko i mot å bli tatt bilde av. Dei fleste gatekunstnere føretrekker å vere anonym, men «Nimi» tar det heile med ro.

– Eg er for gammal for slikt, seier han, og siterer Danny Glover i Dødeleg Våpen.

Kva syns kona om at dette då? At du gir opp arkitekt-karriera og driv med gatekunst?

– Ho har ikkje noko i mot det. Vi er svært forskjellige. Nokre er som vann og flyt, mens andre er som stein. Vi passar godt i lag.

«Nimi» har blitt eit stort namn innanfor gatekunst og har kunstverk i Bergen og Paris. Han har sett seg ut eit framtidig prosjekt i Florø; den store firkanta veggen i «Blomlia», ved kyrkja, og viser fram ei skisse med to smågutar som sit i ein svær støvel og fiskar opp ein steinbit laga av industribygningar. Om han får lov gjenstår å sjå.

Artikkeltags