Straumen vart tatt mellom Nekkøy og Reksta i dag klokka 12.23.
– Vi har funne ein feil på nettet vårt på Rekstad og vi har kopla ut linja mellom Nekkøy og Kinn, seier Andreas Mardal, driftsingeniør på driftssentralen til Linja.
Han fortel det er noko øydelagt utstyr på ei mast, som førte til at dei måtte treffe tiltak. No er folk i sving med å få reparert skadane. Folk og utstyr er på plass for å få fiksa anlegget.
Straumen har vore ute frå klokka 12.23, noko tidspunkt før straumen er tilbake, har dei ikkje eksakt.
– Det er vanskeleg å seie kor tid det blir retta opp, men det blir noko timar. Vi har folk på plass og vi gir oss ikkje før feilen er retta. Vi håpar å vere klare i ettermiddag eller i kveld, seier Mardal.