Straumen din har ikkje vore billegare på 20 år

REKORDBILLEG: Straum har kosta heilt ned i åtte øre kilowattimen i februar, og billegare enn no har det ikkje vore på 20 år, viser tal frå straumbørsen Nord Pool.

REKORDBILLEG: Straum har kosta heilt ned i åtte øre kilowattimen i februar, og billegare enn no har det ikkje vore på 20 år, viser tal frå straumbørsen Nord Pool. Foto:

FLORØ: Du har kanskje merka positiv endring på straumrekninga di siste tida?

DEL

Den gjennomsnittlege straumprisen for februar er den lågaste sidan år 2000. Det viser ferske tal frå Nord Pool. Straumprisen blei mellom 13 og 14 øre per kWh (utan moms og påslag), litt varierande av kvar i landet du har adresse. Det er kun ein tredel av kva straum kosta på same tid i fjor, då februarprisane låg rundt 45 øre per kWh, til dømes i hovudstaden.

– I løpet av februar vi har vi hatt fleire dagar med straumprisar ned i 8 øre per kWh, og det er spesielt på denne tida av året, skriv kommunikasjonsdirektør i Nord Pool, Stina Johansen i ei pressemelding.

Veret betyr alt

Nord Pool er den leiande kraftbørsen i Europa og er marknaden for kjøp og sal av fysisk straum. Ved Nord Pool bereknar dei straumprisane for kvar time i det komande døgnet for den nordiske og baltiske marknaden, samt for Storbritannia og resten av nordvest-Europa.

Så kvifor har det blitt slik? Mykje av forklaringa er sjølvsagt veret. Februar heldt fram der januar slapp, med varmegrader og mykje regn. I februar har temperaturen ligge over gjennomsnittet for dei siste 20 åra over stort sett heile landet. Og mildare ver gir mindre behov for oppvarming.

Straumprisen blir også påverka av kor mye vatn det er i vassmagasina i Norge. Fyllingsgraden i vassmagasina ved utgangen av veke 8 ligg på 55,8 prosent. Dette er langt over medianverdien for tilsvarande tidspunkt for åra 2000 - 2019 som var på 48,4 prosent. I tillegg har nedbøren i februar gitt mykje meir tilsig til vassmagasina enn normalt for årstida.

Billegare å importere

- Samtidig som det har vore mildt og vått, har det og i periodar vore mykje vind. Sverige, Danmark, Finland og Tyskland opplevde alle timar med negative straumprisar i løpet av februar, seier Johansen.

Det er første gang dette skjer i Sverige og Finland. Norge importerer vindkraft når prisene er lågare i våre naboland.

Heile landet hadde historisk låge snittprisar i februar. Kristiansand og Bergen enda på 13 øre per kWh, medan Molde, Trondheim og Tromsø enda på 14 øre per kWh.


Artikkeltags