Straumbrot i Øyane og i Eikefjord

DEL

Ein tipsar melder om at straumen er vekke i øyane vest for Florø. Den skal ha vore borte om lag sidan midnatt, natt til laurdag.

SFE skriv på sine sider at straumen er vekke i Øygarden grunna ein feil på Færøya. Dei er i gong med å reparere feilen.

SFE melder også at trafostasjonen på Nesjane er ute av drift. Det skuldast truleg lyn i området. Også her er dei i ferd med å reparere det som er øydelagt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken