Ved lunsjtider forsvann straumen på Evja i Florø, mellom anna hos Firdaposten. Straumen kjem tilbake glimtvis, men forsvinn igjen med ein gong.
SFE nett seier det er feil på ein kabel, og at dei driv med feilsøking no.
Dei veit enno ikkje kvar i nettet feilen ligg, men dei jobbar med saken, og håpar at det ikkje skal ta så lang tid før straumen er tilbake.
Oppdatert: klokka 12.40 kom straumen attende.
SFE skriv følgjande på nettsidene sine:
– Vi har eit straumbrot i Botnaholten og fleire kundar i Florø er utan straum. Vi jobbar med å finne feilen.