Gå til sidens hovedinnhold

Støtte på verdas største tropiske skilpadde ved Stad

Havforskarane fekk skjelven då dei oppdaga ei to meter lang havlærskilpadde. Sjå den unike filmen av havlærskilpadda med sitt harem av tropisk følgefisk.

Havforskarteamet ombord i «Emmy Egidius», Gunnar Didriksen, Otte Bjelland, Jan Hinriksson og merkeleiar Keno Ferter, .arbeidde med å satelittmerke makrellstørje då dei støtte på den sensasjonelle skilpadda på si ferd uvanleg langt nord i Atlanterhavet. Dei fekk gjort det som truleg er det første filmopptaket av denne arten i Norge. .

– Vi blei heilt skjelvne då vi såg den eksotiske, nesten to meter lange skapningen i overflata, seier toktleiar Keno Ferter på telefon frå forskningsbåten «Emmy Egidius» fredag ettermiddag.

På avstand tippa dei det var ein kval. Så tippa dei på brugde eller månefisk, men blei heilt himmelfalne då GoPro-kameraet viste kva det var.

Havforskarane sperra opp augene då dei møtte på denne tropiske gjesten i våre farvatn

Havlærskilpadda er ein art som er utryddingstruga globalt. Den held normalt til i tropiske eller subtropiske farvatn og lever av å beite på maneter. Følgefisk er vanlegvis losfisk (med striper) og tønnefisk, som er kjende for å finne seg ein vert som dei lever rundt. – Forskning viser at havlærskilpadder har eit godt system for å halde varmen, slik at de kan overleve i relativt kaldt vatn. Dei dannar varme gjennom rørsle og lagrar den i eit varmevekslingssystem.

– Vi vil ha di hjelp! Dersom du ser noko spesielt, send din observasjon til portalen vår «Dugnad for havet» Det kan gje oss ny kunnskap om økosystemet og havet, oppmodar toktleiar Keno Ferter.

Kommentarer til denne saken