Sjå resultatgrafikk lengre nede.
Tala frå Bremanger viser at Senterpartiet gjer eit brakval i kraftkommunen. Partiet ligg an til ein oppslutning på 28,5 prosent, ein framgang på heile 13,7 prosentpoeng.
Ap er nest største parti, med 25,3 prosent, ein liten nedgang.
FrP går mest tilbake i Bremanger, med minus 4,7 prosentpoeng. Også Høgre og KrF går tilbake, med høvesvis 3,1 og 3,9 prosent.
I Flora kommune er Ap det største partiet, med 30,7 prosents oppslutning. Senterpartiet har den største auken også her. Dei går fram med 8,4, til over 14 prosent.
Høgre går tilbake 1,7 prosent og FrP - 3,3, til høvesvis 26,3 prosent og 11,9 prosent.
I Sogn og Fjordane er 75 prosent av stemmene talt opp. Dei viser framgang for Sp, med 8,7 prosent, til 29,4. Ap går tilbake 2,8, til 25,4. Høgre går tilbake o,4 og FrP - 0,8, til høvesvis 18,6 og 10.