Slik blir truleg stortingsbenken

I skrivande stund består Sogn og Fjordane sin stortingsbenk av tre damer frå Høgre, Ap og Sp, og ein ung mann frå KrF.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Klokka 14 tysdag er framleis ikkje alle stemmene i Stortingsvalet talt opp. Men basert på 99 prosent av stemmene ser det ut til at utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane går til KrF og Tore Storehaug.

  • Sjå valgrafikk nederst i saka.

Tore Storehaug er fødd i 1992, og er oppvaksen på Flokenes i Askvoll. Han var fylkesleiar i KrFU frå 2008 til 2011, og har vore sentralstyremedlem og nestleiar i KrFU. Han har sidan 2011 vore første vara til fylkestinget i Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: No trur Tore at stortingsplassen er hans

Med seg på Stortinget får han Frida Melvær (H), Ingrid Heggø (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp).

Også Frida Melvær (45) er frå Askvoll. Ho har vore ordførar i kommunen sidan 2011, før det sat ho ein periode i kommunestyret. Ho er utdanna lærar, og har ikkje stortingserfaring.

Senterpartiet sin representant Liv Signe Navarsete (58) frå Sogndal og Lærdal har solid erfaring frå Stortinget og politikken. Ho har vore stortingspolitikar sidan 2005, har vore samferdsleminister, kommunal- og regionalminister og partileiar i Senterpartiet.

Ingrid Heggø (56) frå Høyanger og Arbeidarpartiet har også sitte på Stortinget sidan 2005, og det blir no hennar fjerde periode i nasjonalforsamlinga. Ho har to periodar bak seg i Næringskomiteen, i tillegg til ein periode i Justiskomiteen.

Artikkeltags