Høyrt om Helsepartiet, Alliansen og Liberalistene?

Illustrasjonsfoto val.

Illustrasjonsfoto val. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Heile 14 parti har sendt listeframlegg til Stortingsvalet i Sogn og Fjordane.

DEL

Då fristen gjekk ut 31. mars klokka 12, var det kome inn 14 listeframlegg til stortingsvalet 11. september 2017.

Tre nykomarar stiller til val i Sogn og Fjordane; Liberalistene, Helsepartiet og Alliansen.

Listeframlegga skal godkjennast av fylkesvalstyret 25. april, og det vert då endeleg klart kva lister innbyggjarane i Sogn og Fjordane kan velje mellom ved årets stortingsval, melder fylkeskommunen.

Tre nye parti

Alliansen er eit nystarta parti som vart innført i partiregisteret i Norge i 2017. Det er eit innvandringskritisk parti som har som hovudmål å få Norge ut av EØS. Den nasjonale sjølvråderetten står i fokus,og partiet ønsker å stanse innvandringa.

Helsepartiet er eit initiativ starta av P4-journalist Lise Askvik, også dette vart registrert i 2017. Hennar fanesaker er mindre helsebyråkrati, nedbygging av helseføretakene og kamp mot New Public Management-tenking i helsevesenet. Askvik har slutta i journalistjobben for å bygge opp partiet, og dei vil i løpet av våren lansere eit stortingsprpgram.

Liberalistene vart starta i 2014, med mål om å stille til val i 2017. Partiet har klassisk liberalisme som ideologisk fundament. og arbeider for ein minimumsstat med avgrensa ansvar, og berre for områda politi, forsvar og rettsvesen. Partiet ønsker ikkje at staten skal regulere økonomi, helse, utdanning, velferd eller andre samfunnsområde.

To lokale toppar

Med desse listeframlegga er det tre personar frå Flora og Bremanger som kan ha sjansen til å komme på Stortinget. Det er toppkandidaten til Framstegspartiet, Britt Dalsbotten frå Bremanger, og toppkandidaten til Miljøpartiet Dei Grøne, Stein Malkenes frå Florø.

Også Liberalistene har toppkandidat frå Florø, Tor Even Eide.

Her kan du sjå dei innkomne listeframlegga:

Alliansen

Arbeidarpartiet

Demokratane i Noreg

Framstegspartiet

Helsepartiet

Høgre

Kristeleg Folkeparti

Liberalistene

Miljøpartiet Dei Grøne

Partiet De Kristne

Raudt

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Venstre

Artikkeltags