Berre Liv Signe stod opp for politidistriktet

Onsdag var det endeleg handsaming av politireforma på Stortinget. På stortingsbenken til Sogn og Fjordane var det berre Liv Signe Navarsete (Sp) som stemte for framleis politidistrikt i fylket. Til venstre for Navarsete sit Ingrid Heggø (Ap) og til høgre Bjørn Lødemel (H).

Onsdag var det endeleg handsaming av politireforma på Stortinget. På stortingsbenken til Sogn og Fjordane var det berre Liv Signe Navarsete (Sp) som stemte for framleis politidistrikt i fylket. Til venstre for Navarsete sit Ingrid Heggø (Ap) og til høgre Bjørn Lødemel (H). Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Onsdag var det endeleg handsaming av politireforma på Stortinget.

DEL

Onsdag handsama Stortinget den nye politireforma, som legg opp til omorganisering av politiet i heile landet. Talet politidistrikt skal reduserast frå 27 til 12, og Sogn og Fjordane blir slått saman med Hordaland. I tillegg ligg det an til nedlegging av rundt 100 lensmannskontor.

Handsaminga i Stortinget var berre ein formalitet, då allereie var avgjort etter eit fleirtalsforlik mellom regjeringa, samarbeidspartia og Ap.

Senterpartiet har kjempa imot reformen, og for oppretthalding av politidistriktet i Sogn og Fjordane. Partiet hadde eit eige framlegg om ein fylkesmodell, der kvart fylke har sitt politidistrikt, og styrking av lensmannskontorene.  Dette framlegget fekk ikkje fleirtal då Stortinget hadde avrøysting onsdag.

Frå Sogn og Fjordane sin stortingsbenk var det berre Liv Signe Navarsete (Sp) som reiste seg og stemte for framleis politidistrikt i fylket (sjå bilde).

Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, seier i ei pressemelding at ho er bekymra for den framtidige tryggleiken i landet.

- Dette er startskotet på ei nedbygging av den lokale beredskapen. No ligg det an til at over 100 lensmannskontor skal leggast ned, og at vi vil få eit reint utrykkingspoliti. Det vil få enorme konsekvensar, meiner Arnstad.

- Beredskap og tryggleig handlar også om lokalkunnskap og førebygging, då kan vi ikkje legge ned og sentralisere lensmannskontorene, seier ho.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken