Debuterte med å foreslå utjamna nettleige

Tore Storehaug

Tore Storehaug Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KrF-debutant Tore Storehaug gjekk på Stortingets talarstol for første gong og foreslo utjamning av nettleiga.

DEL

- Det er ei sak som har oppteke mange over lang tid, særleg i Sogn og Fjordane. Som nyvalt stortingsrepresentant og som medlem av energi- og miljøkomiteen er det viktig for meg å løfte saka frå første dag, seier Tore Storehaug, energipolitisk talsmann i KrF.

Forslaget om å utjamne nettleiga inneber at regjeringa får i oppdrag å greie ut ulike løysingar og komme tilbake til Stortinget med forlag om korleis ein kan få ned straumprisane i dei distrikta der han er dyrast i dag.

- Vi treng eit godt avgjerdsgrunnlag,  og eg har forventning om at regjeringa kjem attende med gode løysingar som gjer at vi kan få en god løysing på utfordringane med høge nettleiger, seier Storehaug

Storehaug meiner at det er gode føresetnadar for at framlegget kan få fleirtall på Stortinget etter at fleire av partia har teke dette inn i programma sine for denne perioden. 

- No ser vi at mange av partia har fått formuleringar inn i programma sine for denne perioden som gjer at vi kan få på plass ei ordning med meir rettferdig nettleige., fortsett Storehaug

Får forslaget fleirtal meiner Storehaug at ei meir rettferdig nettleige er noko som kom komma på plass innan kort tid. Storehaug meiner det er viktig å fremje denne saka allereie fyrste dagen og som det fyste han gjer på Stortingets talarstol.

 

Artikkeltags