Kommunalkomiteen til Florø, Svelgen og Måløy

Ordførar Audun Åge Røys (H)

Ordførar Audun Åge Røys (H) Foto:

I dag måndag er kommunalkomiteen på Stortinget på besøk i Florø, Svelgen og Måløy. Hovudtema er kommune- og fylkessamanslåingar.

DEL

Måndag 18. mars kjem kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget til Sogn og Fjordane med stopp i Måløy, Svelgen og Florø. Dei møter mellom andre fylkesordførar Jenny Følling, fylkesmann Lars Sponheim og fleire lokale ordførarar. Mellom anna skal Bremanger-ordførar Audun Åge Røys snakke om kvifor Bremanger ikkje er med i kommunesamanslåinga til naboane.

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Turen startar i Vågsøy ved lunsjtider. Fylkesordførar Jenny Følling ønsker velkommen, før ordførar Kristin Maurstad skal snakke om forholdet mellom demokrati og stat. Deretter skal fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim, snakke om status for kommunesamanslåing.

 I tillegg skal Randi Humborstad skal informere om status for prosjektet Stad skipstunnel.

Deretter går turen til Svelgen. Etter omvisning på nye Svelgen omsorgssenter skal ordførar Audun Åge Røys halde eit innlegg med tittelen «Kvifor ikkje kommunesamanslåing?».

Så går reisa vidare til Florø. Her skal Ola Teigen snakke om integrering, Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad om Gloppenmodellen, Jenny Følling om Vestland fylke, Førde-ordførar Olve Grotle om nye Sunnfjord kommune, og Lars Sponheim om samordningsrolla til fylkesmannen.

Artikkeltags