Dei tre uttalte klimapartia Miljøpartiet Dei Grøne, SV og Venstre ligg an til å gjere eit dårlegare val enn meiningsmålingane tilsa i valkampen.

Etter at FNs tredje klimarapport vart sleppt, vart valet døypt eit klimaval av mange. SV, MDG og Venstre låg høgt på målingane. Men ifølgje prognosane klokka 22.45 valkvelden, kjemper både MDG og Venstre mot sperregrensa.

Slik er situasjonen for klimapartia: SV 7,51 prosent (+1,4 frå valet i 2017), MDG 3,98 prosent (+0,7) og Venstre 4,36 prosent (0).

– Vi veit ikkje om vi kjem over sperregrensa, så det blir ein spennande kveld. Vi veit allereie no at vi har gjort eit betre stortingsval enn nokon gong, seier partileiar Une Bastholm i MDG.

I september var snitta på målingane 9,4 prosent for SV, 4,7 for Venstre og 4,9 for MDG. MDG var oppe i 5,5 i snittet for august.

Resultatet i skulevalet gav likevel ein indikasjon på at klimapartia ikkje ville gjere eit brakval.

(©NPK)