Stort søk ved Sogndal skisenter etter fleire snøskred

Av
DEL

Helikopter og redningsmannskap søkjer i eit område ved Sogndal skisenter etter at det gjekk tre snøskred onsdag formiddag. Ingen personar er sakna.

– Det skal totalt vere utløyst tre skred av ulik storleik. Søkemannskap er i området. Ingen personar er melde sakna. Ingen personar er observerte tekne i skreda. Redningsmannskap held no på å få oversikt over skiløparar i området, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Det var ein skiløpar som klokka 11.15 melde om fleire utløyste snøskred ovanfor Sogndal skisenter.

– Ein person var sett i nærleiken av skredet, men vedkommande er kommen til skisenteret. Alt ok. Ei rekkje ressursar vart sende til området. Søk går føre seg, skriv politiet.

Redningshelikopter, luftambulanse, Røde Kors-mannskap, redningshundar, personell frå skisenter, politi og andre ressursar er i området, blir det opplyst.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken