Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dei unge har den siste månaden engasjert seg sterkare enn eg nokon gong kan huske, og det har vore i innlegg for å behalde Kinn.
Det nærmar seg valdag, og vi ønsker at alle som no skal stemme vil tenke grundig gjennom valget dei gjer, for dette vil ha stor påvirkning på framtida vår. I denne perioden har vi sett mange nye stemmer komme på bana, vi har sett fleire unge tørre å stå fram fordi dei meiner dette er ei viktig sak for framtida deira. Eit overveldande fleirtal som har stått fram og ytra seg av dei unge har vore for å behalde Kinn kommune og at dei fryktar for framtida ved ei deling. Vi påstår likevel på ingen måte at eit fleirtal av dei unge er for å behalde Kinn kommune for det har vi ikkje tal på, men vi er imponerte av dei nye stemmene som har ytra seg.
Vi har sett eit stort engasjement frå fleire nye stemmer i denne debatten. Mange unge med ein bodskap som er krystallklar på å behalde Kinn kommune. Motet dette viser har imponert meg i en hard debatt, men mange har turt å kaste seg ut i det. I perioda har ein no endeleg fått ei tydelig motvekt til dei som vil reversere, med fokus på ein god debatt, og å løfte fram saker vi beviselig har fått til i Kinn kommune. Vi bak Oppsida har derfor forholdt oss til artiklar skrive av aviser og kjelder vi stoler på, på BDO-rapporten og har fokusert sterkt på å jobbe med å løfte fram et mangfold av nye stemmer i debatten, både på video og i avisene. I eit godt debattklima skal dette opplevast trygt. I løpet av perioden har fleire sjukepleiarar og helsesjukepleiarar bidratt i video eller leserinnlegg, folk fra frivilligheten har stått fram og delt fra sine erfaringar, unge heimflyttarar, unge i næringslivet og andre har stått fram. I avisene har kulturskulen vore tydeleg i lokalavisa på at dei har fått det betre i Kinn, næringslivet har vore tydelege både i Florø og Måløy-området på at dei syns Kinn leverer slik at dei får utvikle seg på ein god måte, eldre har delt av sine erfaringar i ei ny kommune og unge har snakka om framtida si ved ei deling av Kinn kommune- alle desse fordi dei er bekymra for konsekvensane ei deling vil ha for for framtida til heimstaden deira.
Den eldste var den evig engasjerte 92 år gamle Måløy-patrioten Ingri Føleide som har jobba med samfunnsutvikling heile livet, den yngste (so vidt eg veit) var 23 år gamle Njål H. Eliasson fra Florø som ønsker studerande ein god og attraktiv kommune å flytte heim til etter studiene. Tidlegare ordfører Liv Henjum var i si tid i mot ei samanslåing men har engasjert seg sterkt mot ei deling fordi ho er imponert av det ein får til av tjenester og gjennomslag i Kinn kommune og fryktar konsekvensane ei deling vil ha. Det same gjelder tidlegare ordfører Rolf Domstein også meiner ei deling vil vere skadeleg. Fylkespolitikarane våre (alle fra Florø) har vore tydeleg på at ei deling vil gi oss mindre gjennomslag. Til og med grendalaget på Askrova har vore tydeleg på at å bli i Kinn er det beste for øyane i Flora-bassenget.
Og då kjem vi fram til viktige poeng. Ingen ser ut til å ha ei plan for dei nye kommunane dersom ein skal rive opp ein organisasjon på 1600 tilsatte og ei kommune med 17000 innbyggarar. Det er ganske alvorleg. Ein ser ut til å ville dele, og så skal ein sjå kva som skjer etter det. Når ein ikkje har tydelege klare svar på kva som blir betre av tjenester, politiske gjennomslag eller liknande ved ei deling, så forstår eg ikkje kvifor ein skal utsette ei heil kommune for ei slik massiv omstilling. Vi veit altså kva vi har, men ikkje kva vi får og utredninga fra BDO er tydeleg på at ei deling er skadeleg.
Vi ser at ein har fått til svært mykje bra i Kinn kommune. Industribygdene Eikefjord og Raudeberg opplever ei god utvikling og får begge også vegsatsingar. Byene våre Florø og Måløy opplever ei utvikling ein ikkje har sett på mange år. I Florø har ein hatt ein forløysande byggeaktivitet og store satsingar fleire stader i sentrum. Fleire store boligprosjekt er igangsatt og langvarige byggesaker er løyst. Brandsøyvegen lenger inne blir utvikla, Sørstrand folkepark står ferdig og byen har fått eit nytt kulturtårn- godt støtta av Kinn kommune. I Måløy står ein foran ei stor sentrumsutvikling, boligfelt i skramsmarka, det er planar om utkikkspunkt på Ellingskarshornet og ein er faktisk komt lenger med planane om Skram skule enn nokon gong tidlegare. Alle desse prosjekta vil lide under ei deling og det politiske miljøet er i dag klare på at Skram Skole er ein prioritet, ei ny Vågsøy kommune trur vi vil slite i mange år for å få råd til dette. I Polljen er det også ny boligutvikling og mange nye tomter på gang.
Oppdeling av fagmiljø er ein stor grunn til at mange har engasjert seg i saka. BDO er tydelege på at ei oppsplitting av fagmiljøa vil kunne gi eit dårlegare tilbod. Fleire tilsette har også uttrykt uro ved å måtte gå gjennom endå ein omstillingsprosess.
Kva blir det neste?
Dette spør varaordføreren om i sitt leserinnlegg tysdag. Dette er bygd opp av ein grunnleggande mistillit og ei framstilling av at Vågsøy-delen lider i Kinn. Ja, lederstillingar er vekk til Florø, nokre mellomlederstillingar er vekk til Måløy, men nedskjæringar av tilsette har skjedd i Florø også og på rådhuset i Måløy er det like mange tilsatte som før. Motstanden i Vågsøy-delen er sterkt minkande- dette såg vi også på meningsmålingene 4. august. Fleire og fleire vil behalde den nye kystkommunen vår. Det viktigaste er at begge delar av kommuna har fått betre tjenester på områder som for eksempel plan og regulering og vil i følge BDO få svekka tjenester av å dele opp fagmiljøa. Ein må gi og ta alltid, ein får ikkje viljen sin på alt og får alt med ein gong, men no får ein til betydelig meir enn før og det skjer raskare enn før.
Og for å svare på det retoriske spørsmålet “kva blir det neste: det neste blir nye boligsatsingar, opprusting av gate 1, ein ny Skram skule som er prioritert av eit samstemt kommunestyre, vegprosjekt i Markegata, på Raudeberg, i Eikefjord og Brandsøy, betre båtruter på kysten fra 2024 og mykje mykje meir. For tempoet ein no får til ting i er noko vi ikkje kan huske å ha opplevd tidligare.
Til slutt vil eg poengtere ein ting. Ei deling vil sette både Flora og Vågsøy tilbake i tid. Florø vil bli senter i ei kommune som er mindre enn Voss og Sogndal og Måløy vil bli kommunesenter i ei kommune mindre enn Sandane (Gloppen). I kampen om å behalde linjer på Måløy vidaregåande, flyplassen i Florø sin konkurranse mot Førde, gode båtruter, kystvegen og mange fleire saker, så vil dette svekke oss kraftig. Den størrelsen som no har gitt oss viktige seiarar opp mot fylket, vil bli kraftig svekka og vi vil igjen slite med å få prosjekt gjennom på kysten. Framtida vår kan ikkje basere seg på ein tabell over kor mange kommuner som har mindre enn 5000 innbyggarar i Norge, eller i verden for den del, framtida vår må basere seg på kunnskap om tjenestene våre og den konteksten vi er i. Vi er per i dag ei kommune med 17000 med tilsatte som leverer gode tjenester og vi får større politiske gjennomslag i eit fylke med 630 000 innbyggarar enn vi gjorde før. Skal ein kaste det på bålet så må ein i det minste kunne vise kva som blir betre innen desse sakene ved ei deling.
Det har ikkje kome fram på nokon måte. Ein bør ha svært gode grunnar for rive opp ei kommune med 1600 tilsatte og 17000 innbyggarar, og det bør vere eit tydeleg resultat i avstemninga om ein skal gå for dette. Om det er heilt jevnt så bør ein gi kommuna meir tid en to år for å bevise kva den kan levere på. Noko anna vil vere å ikkje ta ansvar. Når ingen har svart på kva ein ei deling skal gi oss, kva ein skal få til som ein ikkje får til no eller kva som er plana dersom ein deler, så har folk ingenting relevant å samanlikne med.
Det er mange oppsider i Kinn. Bruk stemmeretten din og stem for en sterk kystkommune - stem for å bli i Kinn.