Eit halvt døgn før fristen i kommuneoppgjeret går ut, blir det jobba stadig meir intenst i meklinga mellom KS og arbeidstakarorganisasjonane. Partane har frist på seg til midnatt natt til tysdag til å semjast i årets hovudoppgjer. Men dei vil av erfaring halde fram dialogen så lenge dei har noko å snakke om – også lenge etter at fristen er gått ut.

Rundt 10.000 arbeidstakarar er omfatta av det første streikevarselet i kommuneoppgjeret. Det er nokre få, set opp mot det samla streikepotensialet. Rundt 356.000 medlemmer i LO, Unio, Akademikerne og YS er omfatta av avtalane det blir forhandla om.

LO kommune er desidert størst i Kommune-Noreg med sine nesten 200.000 medlemmer. Fagforbundet åleine varslar i første runde streik i rundt 150 kommunar, fylkeskommunar og kommunale verksemder – fordelt over heile landet, ifølge ei oversikt i FriFagbevegelse. LO tek i første omgang ut til saman nesten 9.000 medlemmer i streik, viss arbeidsgivarane ikkje kjem krava i møte.

Kraftig opptrapping

Allereie måndag varslar LO Kommune at det kan komme ei kraftig opptrapping. 18.807 tilsette til i 143 kommunar blir tekne ut i streik frå 31. mai dersom partane framleis ikkje har komme til semje. I så fall vil totalt 27.780 LO-medlemmer vere i streik.

Tilsette i Oslo kommune forhandlar separat. Her omfattar det første streikevarselet snautt 1.700 arbeidstakarar. Blant verksemdene som vil bli ramma, er skular, barnehagar og ei rekkje kommunale etatar og tenester.

Det vil likevel neppe skje at alle arbeidstakarorganisasjonane avviser tilbodet frå arbeidsgivarane og sende medlemmene sine ut i streik. Tidlegare har likevel eksempelvis Unio avvist tilbod som LO-forbund har akseptert.

Fagforbundet: Alle skal opp

– For oss i Fagforbundet er det heilt avgjerande at heile laget skal komme godt ut lønnsoppgjeret. Det er særleg dei med låge lønningar som merker at daglegvarer, straum, bustadlån og drivstoff har vorte dyrare i det siste. Vi krev reallønnsauke, og det betyr at vi må ha ei fordeling av lønnspotten som ikkje bidreg til større forskjellar mellom kommunetilsette, seier leiar Mette Nord i Fagforbundet.

Uttaket i fagforbundet rammar i hovudsakleg administrasjon, tekniske tenester og reinhald i kommunane.

I tillegg til Fagforbundet vil FO, Skolenes landsforbund, Creo, El og ITforbundet Forbundet og Norsk Sjøoffisersforbund ta ut medlemmer i ein konflikt.

YS tek ut 430 medlemmer i første omgang ved ein eventuell kommunestreik, medan Akademikerne opplyser til NTB at organisasjonen vil vente på utviklinga i kommunemeklinga før den går ut med første streikevarsel.

Vil hente inn etterslep

Unio, med sine nesten 140.000 medlemmer i kommunane, står beinhardt på kravet om at lågtlønte medlemmer skal løftast. I tillegg krev Unio at etterslepet frå i fjor – då det viste seg at lønnsveksten i privat sektor vart større enn anslått – blir dekt inn. Det kan dermed tilseie at rammene lagt av frontfaget – hovudoppgjeret i industri og konkurranseutsette næringar – må sprengjast for at Unio-medlemmene ikkje skal velje konflikt.

Fellesforbundet og Parat oppnådde i år ein anslått årslønnsvekst på 3,7 prosent i frontfagsforhandlingane med Norsk Industri. Sett opp mot ein venta prisvekst på rundt 3,3 prosent, skulle det tilseie ein liten kjøpekraftauke i år. Spørsmålet er om det er nok for store Unio-grupper som meiner dei over fleire år har vorte hengande lengre og lengre etter i lønnsutviklinga.

– Vi håpar sjølvsagt å bli samde i meklinga. Det er alltid målet vårt når vi går inn i ein slik prosess, seier forhandlingsleiar Steffen Handal.

Handal trur meklingsinnspurten blir krevjande.

– Vi må få innfridd krava våre om reallønnsvekst for dei høgt utdannande i offentleg sektor og eit skuletillegg. Spesielt lærarane har hatt ein altfor dårleg lønnsutvikling over lang tid, seier han.

Også Fagforbundet krev at lønnsetterslepet i offentleg sektor skal kompenserast i årets oppgjer:

– Vi legg til grunn for kravet vårt at ein følger den økonomiske ramma frå frontfaget og også tek omsyn til etterslepet, seier Mette Nord.

Konsekvensar i Kinn

Om det blir streik vil det ramme fleire tenesteområde i kommunen. Dei har fått varsel om streikeuttak, og ei liste over tilsette som kan bli tatt ut i streik frå LO, Fagforbindet.

Om partane ikkje kjem til einigheit i meklinga innan midnatt 23. mai bil det streik, med tysdag 24. mai som første moglege streikedag.

Kinn har fått streikevarsel på 49 tilsette.

Dette blir konsekvensane av ein streik i Kinn, inntil streiken eventuelt blir trappa opp frå 30. mai.

Reinhald/praktisk bistand

– tilnærma normal drift med noko redusert tilbod

Skavøypoll barnehage

– tilnærma normal drift

Havrenes barnehage

– tilnærma normal drift

Raudeberg skule

– tilnærma normal drift

Krokane skule

– tilnærma normal drift

Florø ungdomsskule

– tilnærma normal drift

Måløy legekontor

– kan ta lengre tid ved bestilling av timar og på laboratoriet

Docen bu- og miljøteneste

– tilnærma normal drift

Teknisk drift

-tilnærma normal drift

Arealforvaltning og byggesak

– forlenga svar og sakshandsamingstid

Informasjon og service

– servicetorga i Florø og Måløy vert stengt. Sentralbord kan bli stengt. (Redusert aktivitet mht politisk møtesekretariat og kommune-TV)

Økonomi

– forlenga svar og sakshandsamingstid (svar på faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt)

Innkjøp

– forlenga svar og sakshandsamingstid

Fag og utvikling

-forlenga svar og sakshandsamingstid

Personal

– forlenga svar og sakshandsamingstid (arbeidsavtalar og lønsberekning)

Kinn kommune har vurdert konsekvensane av streikeuttaket, og har søkt om dispensasjon der vil vere særdeles viktig for å halde oppe og ivarata publikum, og handtering av beredskaps- og informasjonsoppgåver.