Det blir ingen storstreik i kommunane. Partane vart samde tysdag ettermiddag – over eit halvt døgn på overtid.

Meklinga i offentleg sektor har gått føre seg sidan laurdag formiddag. Over 13 timar på overtid kunne partane saman fortelje at den varsla streiken var hindra. Avtalen har ei ramme på 3,84 prosents lønnsvekst. Det vil gi alle tilsette eit sentralt tillegg på mellom 12.000 og 16.800 kroner, avhengig av utdanningsnivå og ansiennitet.

Det er hovudsamanslutningane LO, Unio, YS og Akademikerne som har forhandla med KS om lønnsoppgjeret.

Anne-Gro Årmo og Bjørn Are Sæther har representert Parat i YS-forhandlingsutval med KS. Begge glade for å ha komme fram til ei løysing i ei svært krevjande mekling som vart avgjord mange timar på overtid.

– Ekstremt krevjande

– Med ei ramme på 3,8 prosent ligg vi noko over årets frontfagsoppgjer, det var viktig for oss, i og med at KS kom noko dårlegare ut enn frontfaget i oppgjeret i fjor, seier Anne-Gro Årmo som til dagleg er forbundsleiar for Tannhelsesekretærenes Forbund.

Meklinga har vore «ekstremt krevjande», medgir arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i arbeidsgivarorganisasjonen KS.

– Vi meiner partane i fellesskap har klart å vareta viktige krav frå alle partane, og har mellom anna fått på plass både auka tillegg for kvelds- og helgearbeid, og ekstra kronetillegg for nokre stillingsgrupper med lang utdanning, hovudsakleg lærarar. Eg er svært fornøgd med at konstruktiv mekling har ført til ei løysing som er anbefalt av alle, seier Gangsø.

Lektorane seier nei

For dei fleste av Akademikernes medlemmer, bortsett frå lektorane, blir det gjennomført lokale kollektive forhandlingar på kvar enkelt arbeidsplass som vanleg utover året. Det skal nedsetjast eit partssamansett utval som skal vurdere korleis dagens sentrale lønnssystem fungerer for å rekruttere og behalde kompetanse. Det er Akademikerne fornøgd med.

– Lokale kollektive lønnsforhandlingar gjer at arbeidsgivarar kan bruke lønn for å både behalde kompetente folk og rekruttere nye høgt utdanna som kommunane treng for å løyse oppgåvene til det beste for innbyggjarane, seier Tonje Leborg.