Gå til sidens hovedinnhold

Storstilt juks med koronakompensasjon

Over 1.400 selskap har fått lønnskompensasjon, sjølv om dei hadde null tilsette då koronakrisa starta.

Det viser ei kartlegging Dagbladet har gjort.

Kartlegginga viser at 1.400 selskap som fekk lønnskompensasjon for til saman 4.300 tilsette, ikkje hadde nokon tilsette i mars i fjor.

Avisa har ikkje oversikt over kor mykje støtte som faktisk vart utbetalt, men dette kan svare til inntil 181 millionar kroner i støtte.

102 selskap hadde verken tilsette registrert i mars eller i desember 2020, og har likevel fått støtte for til saman 385 tilsette, skriv avisa.

Nokre av firmaa er allereie i søkjelyset til politiet. Tidlegare denne månaden opplyste Økokrim til P4 at dei har registrert 86 bedragerisaker knytte til pandemien.

Nav understrekar overfor Dagbladet at det kan vere naturlege grunnar til at selskap som har null tilsette registrerte i mars, likevel fekk lønnskompensasjon, som til dømes at registera ikkje var oppdatert.

Dei har førebels politimeldt 34 forhold i samband med lønnskompensasjonsordninga.

– Vi skal førebyggje og avdekkje svindel og feilutbetalingar og vi vil intensivere etterkontrollarbeidet framover. Alle som får ytingar frå Nav kan rekne med å bli kontrollert, opplyser direktør Ole Johan Heir i Nav kontroll til avisa.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken