Linja melder om straumbrot på Askrova onsdag ettermiddag. Fastbuande har meldt om svært kraftige vindkast, samstundes som straumen vart borte.

– Det er ikkje så mykje eg kan seie om det, for vi har folk som er på veg ut no. Før dei er framme og får sjekka, veit vi ikkje, seier driftsingeniør og vakt på driftssentralen, Henning Sørebø i Linja.

Han har også høyrt om dei sterke vindkasta.

– Viss eg skal tippe, kan det nok vere eit tre som har falle over linja, men det veit vi altså ikkje enno.

Oppdatering: Like før klokka 18.30 skal straumen vere tilbake hos abonnentane.