Ny storm kjem nyttårsaftan

Frisk i dag, noe annet enn en puslete orkan ?????? #Sørstrand #florø #norway

Frisk i dag, noe annet enn en puslete orkan ?????? #Sørstrand #florø #norway Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vinden har allereie gjort materielle skader. Ein ny storm er på veg.

DEL

Uvêr rundt nyttårsaftan er nesten som ein tradisjon å rekne her på Vestlandet.

Onsdag var det søraust liten til full storm på kysten og i fjellet i Sogn og Fjordane. Nokre stader var det orkan i kasta.

Vinden flerra av delar av taket på symjehallen i Svelgen. Ålfoten, Davik og Isane blei utan straum. Og i Svelgen blei folk råda til å halde seg innomhus.

Vinden spakna ut over kvelden og natta, men faren er ikkje over.

Nyttårsaftan skal vinden auke på att til søraust liten storm.

Begge dagar kjem vindkasta opp i 25-30 meter i sekundet i låglandet, og det er fare for snøfokk og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane.

Meteorologisk institutt har gått ut med fleire OBS-varsel.

Send gjerne inn uvêrsbilda dine til Firdaposten, anten på e-postadresse redaksjon@firdaposten.no, eller Instagram med hashtag #firdaposten.

Artikkeltags