Det vart gode vibrasjonar i Husabula då Florø Storband og Florø Strykeensemble vart løfta opp og fram med Eirik Husabø sine spisskompetente fingrar på lydspakane. Det blå kveldslyset i synet mot vest og eit lokale opplyst av levande lys - utløyste godkjensla.

– Synd at så få fekk med seg denne konserten. Med eit så stor orkester som fylte heile scena vart det eit stort og flott lydbilde, seier kapellmeister Arne Sunnarvik.

Første sett var dedikert storbandmusikk med klassikarar a la Sinatra, Buble og Van Morrison, med stødig og god vokal frå David Antonsen. Kvelden baud også på ei overrasking med det lokale songtalentet Rakel Glosli, som gjorde ein flott versjon av 70-talshiten til Average White Band; «If I ever lose this heaven».

I andre sett kom Florø Strykeensemble under leiing av Sanja Dukanac med ei eiga avdeling med Take 5 og smektande bossanova-musikk.