Gå til sidens hovedinnhold

Støre og Vedum fekk ja frå partia: No er regjeringsplattforma godkjend

Stortingsgruppene til Arbeidarpartiet og Senterpartiet har gitt tilslutninga si til den nye regjeringsplattforma.

Dei to koalisjonspartia samla stortingsgruppene sine til møte i 9-tida onsdag.

Ein snau time seinare vart det høyrt jubel og stor applaus frå møterommet der Arbeidarpartiet var samla. Kort tid etter vart det stadfesta: Stortingsgruppa seier einstemmig ja til den nye politiske plattforma frå Hurdal.

– Og eg er veldig glad for det, fordi tilbakemeldingane er at dei kjenner seg igjen i denne politikken. At det no er ambisjonar og attkjennande sosialdemokratisk politikk for ei ny tid, seier Ap-leiar og påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre til NTB.

Ifølgje han har Ap fått gjennomslag for politikken sin.

– Eg er fornøgd med heilskapen. At vi får denne vektlegginga av arbeid, gjennomføring i skulen, og ambisjon om å kutte utslepp og skaffe jobbar, som heng saman.

Arnstad: – Ein veldig god runde

I eit anna møtelokale var Sps gruppe samla. Der kom stadfestinga vel tre kvarter seinare.

– Vi ser fram til dette samarbeidsprosjektet dei neste fire åra, seier parlamentarisk leiar Marit Arnstad etter gruppemøtet.

Ifølgje henne hadde stortingsrepresentantane mange spørsmål og kommentarar. Men plattforma vart einstemmig vedteken også hos Sp.

– Vi hadde ein veldig god runde på gjennomgangen av dei ulike områda.

Arnstad vil ikkje gå i detalj på innhaldet, utover å slå fast at den inneheld «mykje god Ap- og Sp-politikk».

– Plattforma er eit godt utgangspunkt for samarbeid mellom Ap og Sp, seier ho.

– Det er mykje attkjennande politikk frå begge parti.

Skal presentere heilskapen i Hurdal

Den politiske plattforma skal presenterast i sin heilskap på ein pressekonferanse på Hurdalsjøen Hotell onsdag klokka 14.

Erklæringa, som vil bli kjent som Hurdalsplattforma, er ifølgje Støre rundt 70 sider lang.

Den politiske semja om plattforma kom på plass allereie i fredag førre veke. Så langt har lite leke ut om innhaldet, bortsett frå eit sett med styrte lekkasjar som partia medvite har porsjonert ut til ulike medium.

Dette er nokre av punkta:

* Halv pris på ferjebillettar og gratis ferje på strekningar med under 100.000 passasjerar

* Ein opptrappingsplan som skal styrkje tilboda for psykisk helse både i kommunane og på sjukehusa, men ei særleg satsing på barne- og ungdomspsykiatri

* Slutt på bruk av PR-byrå i statlege etatar

* Full momskompensasjon til det frivillige

* Slutt på firarkrav i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga

* Gjenoppretting av høgskuletilbodet i Nesna

Overtek regjeringskontora torsdag

Med regjeringsplattforma på plass ligg alt til rette for at regjeringsskiftet kan gå som planlagd torsdag.

Då vil den nye Støre-regjeringa komme ut på slottsplassen, og det vil bli symboltunge nøkkeloverrekkingar i dei ulike departementa.

Dei siste dagane har media vore fulle av spekulasjonar om kven som vil få dei ulike ministerpostane – og fleire av spekulasjonane har vist seg å vere feilaktige.

Men det er no avklart kven som skal leie arbeidet i Stortinget framover – og som dermed ikkje er med i kampen om å bli ein del av regjeringsapparatet:

* Rigmor Aasrud blir verande på Stortinget som parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet. Ho får med seg Terje Aasland som parlamentarisk nestleiar.

* Marit Arnstad held fram som parlamentarisk leiar for Senterpartiet. Det er òg avklart at Geir Pollestad og Sigbjørn Gjelsvik blir verande på Stortinget for Senterpartiet. Alle tre har tidlegare vore favorittar i spekulasjonane om statsrådspostar for Sp.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken