FOTBALL: Florø sin danske sisteskanse Niclas Frenderup mister bortekampen mot Stord laurdag etter raudt kort i cup-exiten mot Brattvåg onsdag.
Klokka 14.00 laurdag stiller Florø Fotball på ei sliten grasmatte på Stord Stadion utan Nicklas Frenderup i Florømålet. Grunnen er at den danske målvakta fekk direkte raudt kort i første runde i cupen borte mot Brattvåg onsdag. Det er langt frå optimalt skal vi tru trenar Terje Rognsø.
– Eg er usamd i det raude kortet, men det får vi ikkje gjort noko med. Ballen er slik eg ser det ute av spel då siste mann blir felt. Det skal vere ein målsjanse og det var det ikkje etter mi meining.
Skaper sjansar
Ein lang biltur og kamp på same dag, ein cupkamp på 120 minutt som ender med tap og dårleg restitusjon i bil heim til Florø er maks utur.
– Når vi analyserer dette no er det vanskeleg å finne mykje positivt. Men vi skaper sjansane som skal til for å vinne kampen. No er det andre obligatoriske kamp til no i år og begge gongane har keeperen på laget vi møter blitt kåra til banas beste spelar, seier Rognsø. Han er trygg på at måla kjem.
– Vi skapar utruleg mykje. Nicklas har nokre fine redningar og andre vegen har vi plenty med sjansar til å vinne kampen. Hadde vi ikkje skapt noko hadde eg vore uroa. Vi slit med motvind i første omgang, men vi kjem tilbake og då får vi sjå ferdigheitene vi veit spelarane har.
Bytta ut målscoraren
Simen Reksten Solheim var viktig for Florø mot Brattvåg.
– Han scorar og står fram markant for oss på bana. Vi kunne kanskje vippa det vår veg med han i krigen mot slutten, men han er ikkje heilt frisk i lysken så vår vurdering er at han trengst gjennom heile sesongen. Laurdag er det Stord borte.
– Grasbana på Stord innbyr ikkje til fotballen vi ønsker å spele. Er heller ikkje sikker kven vi disponerer. Cupkampen er ikkje den beste oppladinga, men vi kan ikkje syte. Vi må brette opp ermane og eg reknar med spelarane er interessert i å revansjere seg. Og første sjansen er andre runde i PostNord-Ligaen avdeling 3 laurdag. Stord tapte 1-8 for Haugesund i første cuprunde tysdag.