Gå til sidens hovedinnhold

Stor redningsaksjon etter sakna person i Askvoll

Naudetatane har torsdag ettermiddag igangsett ein større redningsaksjon etter ein person som er sakna på sjøen i Askvoll i Sunnfjord.

– I tillegg er det funnet ein tom båt på sjøen i området, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Naudetatane blei varsla om hendinga like før klokka 14. Det er nå sett inn store ressursar i søket.

– Vi har to helikopter, redningsskøyte, ambulansebåt og fleire andre fartøy på veg, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken