Veljarane i fleire store havbrukskommunar er mot den omstridde lakseskatten, viser ei ny måling. Motstanden fører til fall for regjeringspartia på partimålinga.

Dei fleste veljarane i ni store havbrukskommunar her i landet, seier nei til regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruk, den såkalla lakseskatten. Det viser ei meiningsmåling Norstat har gjort for NRK

Samla for dei ni kommunane er 47 prosent mot skatten, 31 prosent for og 22 prosent svarer at dei er usikker.

Motstanden er klart størst på Frøya, der 81 prosent svarer at dei er mot regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruk. Sjølv om dei fleste er mot lakseskatt i havbrukskommunane, så er eit knapt fleirtal for «lakseskatt» både i Hammerfest og Senja.

Motstanden gir seg også utslag på ei partimåling for dei ni kommunane, der Ap og Sp får svi. Arbeidarpartiet går ned 9 prosent, samanlikna med resultatet i kommunevalet 2019. Senterpartiet fell 9,9 prosent.

Då går det langt betre for Høgre og Frp. Høgre går fram 9,7 prosent, medan Frp løftar seg med 5 prosent.

(©NPK)