Det er all grunn til å vere på vakt og vise varsemd med å svare på telefonar frå ukjende nummer.

Svindel og misbruk av telefonnummer er eit aukande problem i Europa, men nye tiltak frå mobilselskapa og norske styresmakter gir resultat.

Filtrering

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) jobbar tett saman med mobilselskapa.

Både Telenor, Telia, Ice og andre aktørar har innført ganske effektiv filtrering i nettet.

— Tiltaka stoppar over ein million svindelforsøk kvar månad, så det er all grunn til å skryte av mobiloperatørane for jobben dei gjer med å beskytte eigne og andre sine kundar, seier Johannes Myhre Vallesverd, seniorrådgjevar i Nkom.

Spoofa samtaler

Norge er eit av de første landa i Europa som regulerer teleselskapa si plikt til å sperre såkalla spoofa samtaler.

— Svindlarane ser etter nye moglegheiter, og når det har blitt vanskelegare å nå gjennom på mobilnettet, har dei flytta spoofinga over på fastnettnummer. Nkom jobbar for at det skal vere trygt å bruke elektronisk kommunikasjon, og vi er derfor glade for at bransjen no sperrar anrop frå utlandet som har norske fastnettnummer, seier Vallesverd.

Ordet spoofing kan oversettast med lureri eller forledning. I ekom-verda blir ordet brukt om illegitim manipulering av telefonnummer.