Gå til sidens hovedinnhold

Stoppa to butikktjuvar i Strandgata

Betalte, men blir melde likevel.

Politiet opplyser på Twitter at dei har vore i Strandgata i Florø sentrum like før klokka tre måndag ettermiddag, etter at ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra blei stansa då dei skal ha forsøkt å stele frå ein matvarebutikk.

Dei skal då ha betalt for varen(e) det var snakk om, og har no fått gå.

Dei blir likevel melde.

Kommentarer til denne saken