Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Miljødirektoratet sitt framlegg til «Forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongen fra og med 1. april 2022 til og med 31. mars 2028» har vore på høyring i haust.
Foreininga BirdLife Norge (tidlegare Norsk ornitologiske forening) har svart på denne høyringa, eit svar til Klima- og miljødepartementet. Eg vil peike på nokre av punkta i svaret her.
Foreninga legg vekt på at samfunnet må forvalte fuglebestandane basert på kunnskapen vi har om dei. Difor må raudlista brukast aktivt i ei tid med naturkrise og eitt massivt naturtap verda over. Jakt på artar i tilbakegang må vi difor stoppe, seier BirdLife.
Miljødirektoratet har gjort framlegg om å oppheve jakt på ærfugl, heilo, raudvingetrast, gråtrast og svartand. Desse artane er i tilbakegang. Ærfugl og svartand er til og med i kategorien VU, sårbar, og heilo er i NT, nær truga, jfr. Artdatabanken 24.11.21.
BirdLife Norge meiner all jakt på raudlista artar ikkje er forsvarleg naturforvaltning, og meiner desse artane ikkje har eit haustingsverdig overskot.
Gråmåsen er i dag og ein sårbar art. Difor må sanking av måseegg opphøyre. Raudvingetrastbestanden har vore i sterk tilbakegang i store delar av Europa, i Noreg med heile 25 % dei siste femten åra, slik langt på veg gråtrasten og har vore.
Jakt på «småfugl» i Noreg må difor ut av forskrifta, krev BirdLife Norge, for vi har nok andre jaktbare artar som ikkje vil truge økosystema i dag.
Regjeringa må lytte til dette høyringssvaret, då mange dyre- og fuglebestandar går tilbake både i Noreg og i verda elles.